Nye bilder

SPIKKING AV TØNNEBAND

Innlegget er skreve av Ola A. Vestrheim

Frå gamalt av nytta tønnefabrikkane treband på tønnene dei laga. Dette førde med seg at det å laga tønneband (spikka band) vart ein heil industri i mange bygder.

POPPELEN I EITORN ER MÅLT TIL 37 METER

Image0011

Det er no føreteke måling av treet ( ein poppel) som står i tunet på garden Eithun i grenda Eitorn.

EITORN SKULE

EITORN SKULE

Innlegget er skreve av Ola A. Vestrheim.

MITT LIV SOM FRUKTBONDE I EITORN

EITORN – Eitungjerde/Vestrheim

Ola Vestrheim: Mitt liv som fruktbonde.

RUUD

ruud

Garden Ruud er ein høgdagard i grenda Eitorn. Ruud har vore buplass i gamal tid. Dei første papira om garden er frå 1500-talet. Garden var ei tid kyrkjegods, og ei tid var den delt i to bruk.

Bilder fra Ro finner du på www.vdv.no

26hadegruppebilde

Høsten 07 bodde det to familier på Ro. Vi var 4 voksne og 6 barn. Nesten like mange som gården holdt liv i i sine velmaktsdager. Min far vokste opp der, Håkon Ruud. For de som har lyst å se bilder og lese om oppholdet vårt, gå inn på www.vdv.no og klikk på nyheter.

Historisk tilbakeblikk på grenda Eitorn - skrive som minneoppgåve for eldre i 1996.

Diplom

Namnet mitt er Ola Vestrheim, eg er fødd i Eitorn den 2. november 1925. Eitorn høyrde den gongen til Balestrand kommune.

Kvinnefossen

Image0002

Kvinnefossen ligg i grenda Eitorn.

Eitun/Eithun - gardsbruka i Eitorn aust

POPPELEN I EITHUN

Gardane i Eitun (Eithun) ligg i den austlege delen av grenda Eitorn.

Eitorn gamle sentrum

Eitorn gamle sentrum

Frå gamalt av var Eitorn eit velfungerande samfunn. Dette sokalla sentrum var lokalisert til garden Eitungjerde. Her var dampskipskai oppsett i 1907 med inntil to daglege anløp av fylkesbaatane fram til vegen til Leikanger vart opna i 1956. Telefonsentral frå 12.mars 1897 og fram til1963 då telefonen vart automatiset. Den 1.oktober i 1905 vart her oppretta brevhus som den 1.april 1907 vart utvida til postopneri. Her var butikk (landhandel) frå 1908 og fram til 1940 då den vart nedlagt. Den 1.mars 1965 vart postopneriet nedlagt og det vart oppretta landpostbod frå Leikanger. Garden er nemnd i 1330-åri, då låg ein part til Hopperstadkyrkja i Vik, og den andre parten til Kvamsøy kyrkje. Seinare vart garden delt i 3, bruk 1 er det som låg under Kvamsøy kyrkja, og bruk 2 det som låg under Hopperstad kyrkja i Vik. Det vart og frådelt ein liten parsell, bruk 3. Denne er seinare lagt til bruk 2. Bruk 1 og 2 hadde felles lakserett, og det vart fiska både med sitjenot (flakenot), kilenot og til slutt med krokgarn.

Gratulerer med ny sone!

Kjekt å sjå at det spirar og gror i Sogn óg!

Gratulere til Olav Eitungjerde med Eitorn sona

Gratulere med ny sone for grendalaget Eitorn, og gratulere til Olav Eitungjerde som oppretta sona. No må innbyggarane i Eitorn melde seg inn i origo å hjelpe Olav med å få inn stoff. Eg gleda meg til grendelaget får sona opp å gå og at dei gamle bileta og historiane kjem på nett. Lykke til.

Eitorn

Følges av 19 medlemmer.
Origo Eitorn er en sone på Origo. Les mer
Annonse